RAMMSUND blir RAMMSTUM

RAMMSUND blir RAMMSTUM

Takk for mange gode år (Rammsund vert "rammstum")

Etter å ha spela Rammstein på nynorsk i sju år, har me vedtatt at nok er nok.

I laupet av åra sidan 2004 har me spela rundt i landet, på store stadar så vel som dei minste avkrokane. Me har spela intimkonsertar, og me har heldt store konsertar med dei største pyroshowa noko norsk band har gjort! Det toppa seg nok for oss sist me spela på Garage i Bergen, og sjølvaste Till Lindemann frå Rammstein var der for å sjå Rammsund i aksjon!

Det trufaste publikummet vårt har heile tida vore der og opplevd det med oss. Det takkar me dykk for.

Det gjeld å innsjå når toppen er nådd, og at den beste tida i Rammsund ligg bak oss. Difor vel me å avslutte dette kapittelet no.

Viss du enno ikkje har sett Rammsund live, eller har lyst til å sjå oss ein siste gong, så kan me trøyste deg med at Rammsund står på scena for den aller siste gongen laurdag den 2. april! Me har vald å gjere dette som ein intim stund på John Dee i Oslo, får å avslutte moroa der ho for alvor starta!

Det vert nokre få konsertar på utvalde stadar i landet uka føre dette. Meir om dette sidan.

I mellomtida ynskjer me dykk alle eit godt nyttår, når den tida kjem.

 

Altså:

2. april 2011

John Dee, Oslo

Bill. kr. 225,- pluss avgift

www.billettservice.no

 

Med helsing,

Rammsund