Nynorsk-rammstein på Rockefeller fredag 20. juni!

Nynorsk-rammstein på Rockefeller fredag 20. juni!

Same dag som den überkommersielle VG-lista-konserten haldes på Rådhusplassen, tilbyr me vårt motstykkje: Rammsund – Rammstein på nynorsk!!

Me markerar høgdepunktet på karriera vår så langt, med eit heidundrande fyrverkeri av ein fest! Me nådde 100…000 nedlastingar for ein stund sida, av låta Mutter'n gjennom nettsida vår www.rammsund.com. Dette vert feira med ein tilsvarande pengesum, nemlig godt over 100.000 kroner i konsertproduksjon! Det vert pyroshow, vanvittige stunts og ikkje minst Noregs-kultur gjennom det fantastiske nynorske språket.

Ein presentasjonsvideo gjort av Høgskulen i Volda kan sjåast her:

http://www.youtube.com/watch?v=5ZwZH-vYSD4

Presseskriv:
Hardtslåande nynorsk i Rammstein-ånd

Tysk industrimetall omsett til nynorsk og sjølvskading på scena pregar det kontroversielle showet opp på Rockefeller.

Det er Oslobandet Rammsund som har omsett Rammstein sine låtar til nynorsk. I saman med sjølvskadarane i Pain Solution, opnar Rockefeller dørene for metalbandet den 20. juni. Dette vert med andre ord eit hardtslåande og blodig slag for "landsmålet".

– I ei tid når nynorsk, språket som austlendingar feilaktig omtalar som "sidemålet", kan bli degradert til valfag, fryktar mange at nynorsken kjem til å døy ut som skriftspråk. Frykt ikkje, Rammsund held nynorsken i live, seier Geir Gråbein (30), vokalist og omsetjar i Rammsund.

Med på laget har Rammsund fått med seg norske Pain Solution, som skal stå for delar av det visuelle showet. Det fakirske repertoaret dreiar seg om alt frå flammesluking, flammeblåsing og sverdsluking, til spikarseng, og body suspension (henge seg opp i krokar). Det er ein søken etter det estetiske i det groteske, det vakre i råskapen og det positive i smerta som ligg til grunn for showa dykkar.

Auker toleransen for nynorsk
– Humørfylt og artig, og vil vere med på å auke toleransen for nynorsk, var meldinga bandet fikk frå mållagsleiar i Ørsta, Terje Kjøde, då Rammsund spela der nyleg.

I kultursamanheng har nynorsk vekst seg frå å vere tjuefem-prosent-kvota åt NRK, til å verte eit anerkjent kunstspråk, også blant mainstreamen. Rammsund var blant dei aller fyrste banda som har nynorsk som sidemål, til å ta i bruk dette i det musikalske uttrykket deira.

På rekordtid har Rammsund vokst seg frå dei små klubbane og opp til dei store scenene. Etter ein vellykka turné på Vestlandet inntek tributebandet no altså Oslo, og Rockefeller.

– Vi vil skape ei oppleving og eit uttrykk som ungdommen aldri gløymer. Rockefeller er ei intim scene som er stor nok til å lage det showet me alltid har drøymt om, seier Gråbein.
 
www.rammsund.com
www.myspace.com/rammmsund
www.painsolution.net